Eit overgjæra øl med koperfarga til raudbrun farge. Ølet har ein fin maltkarakter av toffee og kaffe. Ølet har svak humlekarakter med fin maltaroma som skal dominere.
Ølet passar til mange kjøt- og osterettar.
Serveringstemperatur 10-12 °C
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær, byggmalt og kveitemalt.
Allergener: Gluten frå bygg og kveite.
Alc. 4,7 % Vol. 50 Cl
Eit tradisjonelt kveiteøl med bruk av kveiteølgjær. Ølet har ein fin halmgul farge med kraftig skum. Låg maltaroma med svakt innslag av humle. Ølet har ein frisk syrleg smak med tonar av banan og nellik.
Ølet passar til mange ulike retter av kjøt, fisk og klippfisk.
Serveringstemperatur 8-10 °C
Inngrediensar: Fjellvatn, tysk humle, gjær, byggmalt og kveitemalt.
Allergener: Gluten frå bygg og kveite.
Alc. 4,7 % Vol. 50 Cl
Eit gyllent til koparfarga øl med ein fin humlearoma. Ølet har ein fin maltkarakter som står godt til den amerikanske humla.
Ølet passar til ost og spekemat.
Serveringstemperatur 8-10 °C
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær, byggmalt og kveitemalt.
Allergener: Gluten frå bygg og kveite.
Alc. 4,7 % Vol. 50 Cl
Er eit overgjæra øl med lys til gyllen farge. Middels maltfylde med ein fin balanse av tsjekkisk og tysk humle. Mild og fin balansert smak.
Ølet passar til lette matrettar og kan nytast åleine.
Serveringstemperatur 6-8 °C
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær og byggmalt.
Allergener: Gluten frå bygg.
Alc. 4,7 % Vol. 50 Cl
Eit overgjæra øl med lys til gyllen farge. Ølet har ein god maltkarakter av kveitemalt. Ølet er fint balansert med humle frå sydlege Tyskland.
Ølet passar til sjømat og lette kjøtrettar.
Serveringstemperatur 6-8 °C
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær, byggmalt og kveitemalt.
Allergener: Gluten frå bygg og kveite.
Alc. 4,7 % Vol. 50 Cl
Eit middels humla øl med markert innslag av amerikanske humletypar. Ølet er lyst til koparfarga med kraftig skum. Ølet har ein svak maltaroma med karakter av karamell. Middels til kraftig humlearoma.
Ølet passar til matrettar med litt kraftig smak og kan nytast åleine.
Serveringstemperatur 8-10 °C
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær, byggmalt og kveitemalt.
Allergener: Gluten frå bygg og kveite
Alc. 4,7 % Vol. 50 Cl
Eit lyst halmgult øl med fint skum. Ølet har middels maltsmak, med ein god humlebitterheit frå tyske humletypar. Lett til medium kropp.
Ølet passar til lette matrettar som pizza, lasagne og fiskerettar.
Serveringstemperatur 6-10 °C
Inngrediensar: Fjellvatn, tysk humle, gjær og byggmalt.
Allergener: Gluten frå bygg.
Alc. 4,7 % Vol. 50 Cl
Eit koparfarga øl med middels bitterhei og ein fin humlearoma. Ølet har ein fin maltkarakter som balanserar fint med den amerikanske humla.
Ølet passar til ost og kraftige matrettar.
Serveringstemperatur 8-10 °C
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær, byggmalt og kveitemalt.
Allergener: Gluten frå bygg og kveite.
Alc. 6,3 % Vol. 50 Cl
Eit koparfarga til raudbrunt øl med lav bitterheit. Sødma frå malten skal dominere.
Ølet passar til dei fleste julerettar som ribbe, pinnekjøtt og lutefisk.
Serveringstemperatur 8-12 °C
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær og byggmalt.
Allergener: Gluten frå bygg.
Alc. 4,7 % Vol. 50 Cl
Eit koparfarga til raudbrunt øl med lav bitterheit. Sødma frå malten skal dominere.
Ølet passar til dei fleste julerettar som ribbe, pinnekjøtt og lutefisk.
Serveringstemperatur 8-12 °C
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær og byggmalt.
Allergener: Gluten frå bygg.
Alc. 6,0 % Vol. 50 Cl
Eit undergjære øl, koparfarga til raudbrun farge, god maltkarakter med preg av karamell og nøtter, balansert bitterheit og lite humlearoma.
Kan passe bl.a. til ost og dessert/kaker, eller åleine.
Alc. 7,0 %.
Serveringstemperatur 8-14 gr.
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær og byggmalt.
Allergener: Gluten frå bygg.
Eit overgjæra øl med lys til gyllen farge, middels maltfylde, tysk og tjekkisk humle, mild og fin smak.
Passar bl.a. til lette matrettar, eller bere nytast åleine.
Alc. 6,0 %.
Serveringstemperatur: 6-10 gr.
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær og byggmalt.
Allergener: Gluten frå bygg.
Eit overgjæra øl med mørk til svart farge, god maltpreg av mørke maltsortar, smak av sjokolade og kaffe, balansert bitterheit og lite humlearoma.
Kan passe til bl.a. kjøtt og ost.
Alc. 6,8 %.
Serveringstemperatur: 8-14 gr.
Inngrediensar: Fjellvatn, humle, gjær og byggmalt.
Allergener: Gluten frå bygg
Slogen alkoholfri er eit lyst halmgult øl med ein fin malt aroma og innslag av amerikanske humletypar.
Ølet er fyldig med ein god maltsmak og fin avrunda bitterheit.
Serveringstemperatur: 6-8 C.
Inngrediensar: Vatn, byggmalt, humle og gjær.
Alergener: Gluten frå bygg
Alk 0,7% vol 0,33 ltr.
Trollbryggeriet sitt konsept ynskjer å formidle gamle øltradisjonar med omvising i bryggeriet, med påfølgjande historier og ølsmaking i selskapslokalet Trollstova. Det er og mogleg med servering av lokalmat i Trollstova.
Her kan du sjå video av det som skjer på Trollbryggeriet:
Trollbryggeriet gir følgjande tilbod til grupper, bedrifter og turistar. Minimum 8 - 10 personar.
- Omvising i bryggeriet med ølsmaking i Trollstova
- Omvising i bryggeriet med ølsmaking og servering av lokalmat i Trollstova
- Servering av lokalmat i Trollstova
Vi har eit eige møte/konferanserom med prosjektor og lerret som passar til grupper opp til 30 personar.
Vi har også eit lite møterom med TV-skjerm som passar til 6 – 8 personar
Lokale med mange moglegheiter for jobbarrangement, sosiale samankomstar og store merkedagar
Trollbryggeriet har selskapslokalet Trollstova og kan tilby arrangement som bryllaup, barnedåp, konfirmasjon, gravferder, åremål, dagsseminar og sosiale samankomstar. Serveringslokalet har moglegheiter for oppdekking til 80 personar og maksimal kapasitet på 100 personar.
Slogen øl etter kjend fjelltopp
Vårt varemerke er «Slogen» etter fjelltoppen Slogen som reiser seg 1564 meter frå fjorden. Toppen er kanskje den mest kjende fjelltoppen i Sunnmørsalpane.
Trollbryggeriet ligg fint til med utsikt til fjorden omkransa av høge fjell
På indre Sunnmøre har det i generasjonar vore tradisjon å brygge maltøl/kornøl. Trollbryggeriet ynskjer å vidareføre denne arven ved å brygge øl med karakter tufta på handverksmessige metodar med lokalt særpreg.
Trollbryggeriet AS vart skipa i januar 2009. Nytt bryggeri med lokalar for matservering vart opna i 2016. Det nye bryggeriet har ein produksjonskapasitet på over 200 000 liter i året.
Trollbryggeriet held til i Liabygda i Stranda kommune. I kryssinga mellom Trollveggen, Trollstigen, Juvet Landskapshotell, verdsarvområdet med Valldal og Geiranger, Stranda Alpinsenter med heilårs gondol og Ålesund finn du Trollbryggeriet. Bryggeriet ligg 12 km frå Valldal sentrum og ein kort fergjetur på 15 min til Stranda sentrum.
TROLLBRYGGERIET
Jørund Ringset
Liagarden 71, 6212 Liabygda
Telefon + 47 955 20 516
E-post post@trollbryggeriet.no