SLOGEN ØL FRÅ VAKRE OG VILLE NORSKE FJORDAR

Omvisning og ølsmaking

Trollbryggeriet sitt konsept ynskjer å formidle gamle øltradisjonar med omvising i bryggeriet, med påfølgjande historier og ølsmaking i selskapslokalet Trollstova. Det er og mogleg med servering av lokalmat i Trollstova.

 

  

Trollbryggeriet gir følgjande tilbod til grupper, bedrifter og turistar. Minimum 8 - 10 personar.

 

- Omvising i bryggeriet med ølsmaking i Trollstova 

- Omvising i bryggeriet med ølsmaking og servering av lokalmat i Trollstova 

- Servering av lokalmat i Trollstova

Leige Trollstova, unikt lokale med utsikt til fjord og fjell

 

Lokale med mange moglegheiter for jobbarrangement, sosiale samankomstar og store merkedagar

  

Trollbryggeriet har selskapslokalet Trollstova og kan tilby arrangement som bryllaup, barnedåp, konfirmasjon, gravferder, åremål, dagsseminar og sosiale samankomstar. Serveringslokalet har moglegheiter for oppdekking til 80 personar og maksimal kapasitet på 100 personar.

Historia om Slogen Øl og Trollbryggeriet

 

Slogen øl etter kjend fjelltopp

 

 Vårt varemerke er «Slogen» etter fjelltoppen Slogen som reiser seg 1564 meter frå fjorden. Toppen er kanskje den mest kjende fjelltoppen i Sunnmørsalpane. 

 

 

Trollbryggeriet ligg fint til med utsikt til fjorden omkransa av høge fjell

 

 På indre Sunnmøre har det i generasjonar vore tradisjon å brygge maltøl/kornøl. Trollbryggeriet ynskjer å vidareføre denne arven ved å brygge øl med karakter tufta på handverksmessige metodar med lokalt særpreg. 

 

Trollbryggeriet AS vart skipa i januar 2009. Nytt bryggeri med lokalar for matservering vart opna i 2016. Det nye bryggeriet har ein produksjonskapasitet på over 200 000 liter i året.

 

 

    

 

Kontakt

Trollbryggeriet held til i Liabygda i Stranda kommune. I kryssinga mellom Trollveggen, Trollstigen, Juvet Landskapshotell, verdsarvområdet med Valldal og Geiranger, Stranda Alpinsenter med heilårs gondol og Ålesund finn du Trollbryggeriet. Bryggeriet ligg 12 km frå Valldal sentrum og ein kort fergjetur på 15 min til Stranda sentrum.

TROLLBRYGGERIET

 

Jørund Ringset

 

Liagarden 71, 6212 Liabygda

 Telefon + 47 955 20 516

 E-post post@trollbryggeriet.no

 

  


OMVISING OG ØLSMAKING

 

Anne Kristin Lied

 

 

Telefon + 47 919 93 869

 E-post post@trollbryggeriet.no

 

  

 

UTLEIGE TROLLSTOVA

 

Anne Kristin Lied

 

 

Telefon + 47 919 93 869

 E-post post@trollbryggeriet.no

 

 

 

foto produkt / interiør / natur: Elisabeth Rundtom Design, Foto forside fjell Slogen: Arild Solberg